Hallingbunad
Denne herrebunaden vart teken i bruk rundt 1850-talet og er grunnlaget for den herrebunaden frå Hallingdal som er den mest brukte i dag.
Jakka :
Jakka er i dag for det meste laga i drape`, er kort, har vanleg krage av svart fløyel. Den har to rader med sølvknapper framme og tre sølvknapper og eit svart prydband på kvar arm.
Vest :
Vesten er i same stoffet som jakka. Den er dobbelknappa, har vanleg krage og slag som på jakka. Sølvknappane i vesten er like armknappane på jakka.
Buksa :
Buksa er også i same stoffet som jakka. I dag er det langbukse med gylf som er mest brukt. Den har også to baklommar med klaff. Knebukse med gylf kan også fåast. Begge desse buksene kan også fåast som klaffbukse.
Skjorta :
Til herrebunadan frå Hallingdal høyrer skjorte i bomulleret med. Denne er pynta med kvitsaumbroderi på halslinningen.
Anna utstyr :
Sko, silketørkle, kniv, klokke,klokkekjede m.m. er utstyr som høyrer med til herrebunaden frå Hallingdal.